Auka livskvalitet gjennom samhandling og meiningsfylt arbeid

Vel komen til Vik ASVO si heimeside. Verksemda arbeider for å nå denne VISJONEN: Auka livskvalitet gjennom samhandling og meiningsfylt arbeid.
Vik ASVO vart skipa i 1992 då verksemda overtok Vik Arbeidssamvirke som var eit kommunalt føretak starta i 1987.
VTA – Varig Tilrettelagt Arbeid – for trygda personar som ikkje utan vidare kan skaffe seg arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden.
NB: Siden er under oppbygging

Arbeidet i VTA skal bidra til å oppretthalde og utvikle ressursar hjå arbeidstakarane gjennom opplæring, tilrettelagt arbeid.
Vik ASVO held til i eigne lokale kjøpt frå Vik kommune i 2006. I 2009 utvida verksemda lokala slik at vi i dag disponerer eit areal op 2300 m2.
I dag leiger me ut lokale til vaksenopplæringa i Vik kommune og til eit Byggevarefirma.
Verksemda er EQUASS – godkjend 7. nov. 2011. Dette er eit europeisk system for kvalitet- og velferdsteneste med ekstern revisjon og sertifisering.